Meir energi- og miljøeffektive ferjer: Konkurranse om utviklingskontrakt

Report this content

- Regjeringa har som mål å redusera klimautsleppa. Utlysing av ein utviklingskontrakt om den mest energi- og miljøeffektive ferja på strekninga E39 Lavik – Oppedal er eit viktig tiltak for å nå dette målet. Denne kontrakten vil kunna bety starten for ein langt meir miljøvenleg ferjeflåte, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Innan ferjedrifta er dette ei heilt ny kontraktsform for utvikling av ny teknolgi i eit anbodssystem. Ferjeselskap og verftsnæring blir i fellesskap inviterte til å levera den mest energi- og miljøffektive ferja.

I denne konkurransen bind ein seg ikkje til ein viss teknologi. Elektrisk driven ferje eller ferje som nyttar biodrivstoff vil til dømes kunna vera aktuell i konkurransen om oppdraget, til liks med andre løysingar.

- Utlysinga av konkurranse om utviklingskontrakten er viktig for miljøet og for dei som bruker ferjene. Utlysinga vil dessutan vera eit viktig signal og bidrag til verftsnæringa og til verksemder som leverer varer og tenester til verftsnæringa. Konkurransen opnar for spanande oppgåver og utfordringar på eit felt og i ein marknad der det dreier seg om smarte og miljøvennlege løysingar, seier samferdselsministeren.

Kontrakten, som blir lyst ut i dag,  omfattar drift av ferjesambandet E39 Lavik – Oppedal i Sogn og Fjordane i 10 år,  frå 1. januar 2015. Tildeling av kontrakt vil skje innan 30. april 2012. Kontrakten omfattar også ein utviklingsdel der ferjeselskap og verftsnæring skal konkurrera om å utvikla og byggja den mest energi- og miljøeffektive ferja til riksvegferjedrifta.

I tillegg til miljøgevinsten vil det og bli eit betre tilbod til dei reisande, med tre ferjer i sambandet, mot to i dag. Kontrakten vil òg bety arbeid for verftsnæringa og ei ytterlegare fornying av ferjeflåten.

For fleire opplysingar – sjå pressemelding av 9.6. frå Statens vegvesen

Utlysing i Doffin

Pressetelefon: 919 14 777