NSB Gjøvikbanen får utbetalt 5 millionar kroner i bonus
- NSB Gjøvikbanen kan vise til svært gode resultat i talet på reisande i 2014. Bonusen er difor fullt ut fortent. Passasjerauken over fleire år illustrerer at konkurranseutsetjinga av persontransporten på Gjøvikbanen fungerer. Det gir dei reisande eit betre tilbod som fleire ynskjer å nytte, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.
Om lag 1,3 millionar passasjerar reiste med Gjøvikbanen i fjor. Det var 4 prosent fleire enn året før. På denne bakgrunnen har NSB Gjøvikbanen oppnådd rekordhøge 6,5 millionar kroner i bonus for 2014.
I tråd med trafikkavtalen vil NSB Gjøvikbanen AS få utbetalt bonus om selskapet får fleire passasjerar enn eit gitt referansenivå for tal på passasjerar. Tilsvarande må NSB Gjøvikbanen betale bøter om planlagde togavgangar blir innstilte. Denne rekneskapen blir gjort opp årleg.
Likevel gjekk ikkje alt på skjener for Gjøvikbanen i fjorårets vintermånader. Mellom anna førte omfattande feil på togmateriell til 155 innstillingar i fjor, 77 fleire enn i 2013. Desse innstillingane påførte selskapet bøter til ein verdi av drygt 1,5 millionar kroner i 2014.
Alt i alt betyr dette at selskapet får utbetalt 5 millionar kroner ekstra for persontransporten på Gjøvikbanen for 2014.
Regjeringa vil leggje til rette for meir konkurranse på jernbanen
Gjøvikbanen mellom Oslo og Gjøvik er den einaste konkurranseutsette togstrekninga for persontransport i Noreg. Samferdselsdepartementet inngjekk avtale med NSB Gjøvikbanen om drift av persontransport på strekninga i 2004. Selskapet har avtale med staten om å drive persontransport fram til desember 2017.
- Dei reisande står i sentrum for den store togsatsinga til regjeringa. Jernbanen skal gi pendlarar og næringslivet eit føretrekt tilbod for daglege arbeidsreiser og godstransport. Erfaringane frå Gjøvikbanen viser at sunn konkurranse er ein god måte å styrkje togtilbodet og marknadsposisjon til toget på. Vi blir inspirerte av dette og vil nytte konkurranse om drift av togtilbodet på andre jernbanestrekningar i framtida. Samstundes skal ansvaret for sjølve infrastrukturen vere eit klårt statleg ansvar.
- Å innføre konkurranse om persontransport er ein viktig del av jernbanereforma som regjeringa arbeider med. Reformarbeidet omfattar mellom anna vurderingar av kva for trafikkpakker det i framtida skal lyses ut konkurranse om. Vi må difor kome attende til om persontransporten på Gjøvikbanen i framtida skal lysast ut som ei eiga trafikkpakke eller inngå som ein del av ei større trafikkpakke, seier samferdselsministeren.
For meir informasjon – ta kontakt via:
- Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)