Rapport om regionale flyruter
- Det er viktig å sikra eit godt flytilbod for folk og næringsliv i heile Noreg. Vi tek difor denne rapporten med som eit nyttig innspel i arbeidet med dei framtidige flyrutetilboda, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Transportøkonomisk institutt (TØI) har på oppdrag frå Samferdselsdepartementet evaluert anbodsordninga som departementet har for regionale flyruter.
Evalueringa viser at kostnadene som staten har knytt til regionale flyruter har auka. I tillegg er det liten grad av konkurranse om flyrutetilboda blant marknadsaktørane. TØI gir tilrådingar til utforming av komande flyrutetilbod, medrekna mellom anna forslag til ruteendringar og billettakstsystem.
TØI har i rapporten evaluert mellom anna det gjeldande ruteopplegget, billettakstnivået og krav til flyoperatørane, og vurdert marknadssituasjonen. Samferdselsdepartementet vil no gå gjennom evalueringsrapporten og vurdera dei tiltaka som er foreslått.
For å sikra eit godt flytilbod til folk og næringsliv i alle delar av Noreg, forvaltar Samferdselsdepartementet ei ordning for tilskot til regionale ruteflygingar. Tilskotet vert gitt gjennom kjøp av flyrutetenester etter anbodskonkurranse.
For fleire opplysningar – sjå:
- Evaluering av anbudsordningen for regionale flyruter (TØI-rapport 1116/2010)
For meir informasjon – ta kontakt via:
- Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)