Samferdselsministeren vil kartleggja sårbarheita i mobilnetta

Report this content

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa vil i løpet av kort tid gi Post- og teletilsynet i oppdrag å kartleggja sårbarheita i alle mobilnetta i Noreg.

- Eg har motteke rapportane frå Post- og teletilsynet om hendingane 23. mai og 10. juni, og er samd med tilsynet i deira vurderingar av hendingane og av Telenor si handtering. Eg føreset at Telenor set i verk dei tiltaka dei sjølve har skissert i rapporten sin. Dette er eit arbeid Post- og teletilsynet må følgja nøye, seier samferdselsminister Kleppa.

- Problemstillingar knytt til endringar i teknologi, aukande trafikk og endring i brukarmønster må følgjast særskilt opp av tilsynet. Sett i lys av desse endringane, i tillegg til hendingane den siste tida, ønskjer eg å kartleggja sårbarheita i alle mobilnetta i Noreg.

- Analysen skal vera eit supplement til kartlegginga Post- og teletilsynet og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap skal i gang med, der dei skal sjå på kor avhengig samfunnet er av ekomnett, samt føreslå tiltak. Eg legg til grunn at tilbydarane er positive til ein slik analyse og medverkar med relevante opplysningar. Arbeidet skal etter planen vera ferdig innan årsskiftet, seier Kleppa.

Les heile saka:

http://www.regjeringen.no/nb/dep/sd/pressesenter/pressemeldinger/pressemeldinger/samferdselsministeren-vil-kartleggja-sar.html?id=648603