Statsbudsjettet 2015: Enda sterkare satsing på vedlikehald av jernbanenettet

Report this content

- 2015 har vore omtalt som det store vedlikehaldsåret. No styrkjer vi satsinga med 300 millionar kroner for 2015-budsjettet, og reduserer med det samla forfall ytterlegere. Dermed har vi enda tydelegare snudd den langsiktige trenden med aukande forfall. Dette er viktig for ei strategisk satsing på jernbanen, der vi skal gjere jernbanen enda meir attraktiv for pendlarar og godstransport.

Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at regjeringa i dag har lagt fram eit forslag til endringar i statsbudsjettet for 2015.

Ein driftsstabil jernbane er heilt avgjerande for at toga kjem og går når dei skal. Når toga følgjer ruteplanen, blir dei meir attraktive og føreseielege for både pendlarar og vareeigarar. For første gang på fleire tiår har vedlikehaldsetterslepet på både veg- og jernbanenettet blitt redusert. Med den føreslåtte påplussinga for 2015 har satsinga på vedlikehald auka med drygt 68 prosent samanlikna med forslaget frå Stoltenberg II til statsbudsjett for 2014.       

Vedlikehaldsetterslepet blir redusert med ytterlegare 300 millionar kroner
Til drift og vedlikehald av jernbanenettet føreslår regjeringa å løyve 470 millionar kroner meir i 2015.

Av dette dekkjer 170 millionar kroner meirforbruk knytt til stasjonsdrift, opprydding etter hendingar og påkøyringar, og auka aktivitet innan akutt vedlikehaldsarbeid som å rette opp feil og reparere øydelagde straumforsyningsanlegg.
  

For å redusere meir av vedlikehaldsetterslepet blir det nytta 300 millionar kroner meir til fornying av infrastrukturen i 2015. Tiltaka omfattar mellom anna fornying av kontaktleidningsanlegg på Sørlandsbanen, ballastrens på Dovre-, Østfold- og Gjøvikbanen og fornying av dreneringsanlegg. 

Med ein reduksjon i vedlikehaldsetterslepet på ytterlegare 300 millionar kroner blir etterslepet ved utgangen av 2015 på 17,7 i staden for 18 milliardar 2016-kroner, slik det gikk fram av forslag til statsbudsjett for 2016. 

- Vedlikehald er òg høgt prioritert i vårt forslag til statsbudsjett for 2016. Satsinga dei siste åra gjer at regjeringa har overoppfylt den økonomiske ramma for dei tre første åra av Nasjonal transportplan 2014-2023 med meir enn ein milliard kroner når det gjeld drift og vedlikehald av jernbanenettet, seier samferdselsministeren.

Reduksjon i investeringsmidlar som følgje av mindreforbruk
Handlingsrommet for satsinga på vedlikehald kjem av eit mindreforbruk på 552 millionar kroner innan investeringar på jernbanenettet.

- Aktivitetsnivået på dei ulike investeringsprosjekta har vore generelt høgt, og det har vore lagt vekt på rasjonell gjennomføring. I tillegg til Inter-City-prosjekta på Austlandet har investeringsmidlane mellom anna blitt nytta til å byggje nye jernbanespor i Bergen og Trøndelag, og nye perrongar på Jærbanen, seier samferdselsministeren.  

Samstundes er det på einskilde prosjekt eit mindreforbruk samanlikna løyvingane på statsbudsjettet. Det gjeld mellom anna i arbeidet med ny stasjonshall på prosjektet Holm-Holmestrand-Nykirke, og forseinka levering og godkjenning av nye signal– og sikringsanlegg på strekningane Langset-Kleverud og Sandnes-Stavanger og på Ganddal godsterminal. 

I tillegg har Jernbaneverket hatt lågare utbetalingar til grunnerverv og inngåtte kontraktar på Follobaneprosjektet i 2015. Samstundes er framdrifta på den delen av prosjektet som gjeld innføring av Follobanen til Oslo S forseinka på grunn av at konkurransen om hovudarbeida måtte bli gjennomført på nytt, i mindre kontraktpakker. Desse endringane vil ikkje gå ut over forpliktingane eller framdrifta i Follobaneprosjektet.     

Hovuddelen av mindreforbruket i 2015 medfører auka utgifter i 2016 for å halde rasjonell framdrift. Ein legg difor opp til å overføre ubrukte midlar til 2016, i tråd med stikkordfullmakta «kan overførast» som er knytt til budsjettpostane til Jernbaneverket. 



For fleire opplysningar – sjå:

For meir informasjon – ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)