Brit Bildøen 50 år

Report this content

Bildøen feira i fjor tjue år som forfattar, og 28.1. fyller ho femti. Bildøen er i vår aktuell med omsetjinga av Patti Smiths Just Kids, og med pocketutgåver av romanen Tvillingfeber og essaysamlinga Litterær salong

Brit Bildøen er blant våre fremste samtidsforfattarar. Bak seg har ho ein mangesidig, kompleks og utforskande forfattarskap, og har mottatt fleire prisar.

Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan gitt ut barnebøker, gjendiktingar, romanar og essay. Siste utgiving var den kritikarroste Adam Hiorths veg (2011), og denne våren kjem ho med omsetjinga av Patti Smiths Just kids. I høve 50-årsjubileet gir Samlaget ut den Brageprisnominerte Tvillingfeber frå 1998 på nytt, og essaysamlinga Litterær salong i pocket.  Litterær salong (2009) er ein inspirerande leseguide med utvalde kvinnelege forfattar og forfattarskap. Og kjønn og forholda mellom mann og kvinne er sentralt i forfattarskapen elles, både som motiv og tema.

2001 kom romanen Landfastlykke – ei bok Bildøen fekk både Melsomprisen og Sigmund Skard-stipendet for. Boka viser korleis bruer kan binde saman og endre både landskap, samfunn og menneske. Romanane Alt som er (2004) og Mitt milde vesen (2006) fekk begge strålande meldingar, og fleire plasserte Bildøen blant våre fremste samtidsforfattarar.

Brit Bildøens forfattarskap er leikent og humoristisk, og har i seg eit genuint alvor og ei stadig undring over tilveret. Stilen er gjenkjenneleg, og sjølv om vi alltid kan forvente oss ein hund eller andre gjennomgangsmotiv når det kjem ei ny bok, er det først og fremst ei velkommen overrasking med nye bilde av menn og kvinner, av menneska og relasjonane dei i mellom.

Bildøen var festspeldiktar ved Dei nynorske festspela i 2000. Ho er utdanna bibliotekar, og har i tillegg studert sosiologi og gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Brit Bildøen er fødd i Ålesund og oppvaksen i Aukra i Møre og Romsdal. Ho bur no i Oslo.

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Tags:

Multimedia

Multimedia