Håkon Kolmannskog ny forlagssjef i Det Norske Samlaget

Report this content

Håkon Kolmannskog (f. 1974) er tilsett som ny forlagssjef for Samlaget Litteratur. Stillinga inneber overordna ansvar for redaksjonell utvikling, produksjon og marknadsføring.  Kolmannskog er i dag forlagssjef i Forlaget Manifest, som han var med på å starte opp for fem år sidan. Under hans leiing har Forlaget Manifest blitt eit markert og leiande forlag for debattbøker og engasjert sakprosa. Kolmannskog har før dette vore kronikk- og debattredaktør i Klassekampen. Han er tidlegare leiar i Norsk Målungdom, ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag. 

– Dette var ein sjanse eg ikkje kunne takke nei til. Eg har tidlegare arbeidd i Samlaget og veit at forlaget har svært dyktige tilsette, forfattarar av høg kvalitet og ein inkluderande og kreativ kultur, som eg gler meg til å bli ein del av. Det blir inspirerande å vere med å vidareutvikle både litteraturen, forfattarskap og nynorskens posisjon seier, Håkon Kolmannskog. 

Adm.direktør i Samlaget, Edmund Austigard er svært nøgd med å ha fått Kolmannskog til forlaget:

-Eg er svært glad for å få Håkon med på laget. Bakgrunnen hans frå media, og gründerforlaget Manifest vil tilføre forlaget mykje nytt. Samlaget Litteratur får ein leiar som kjenner bokbransjen og dei krava til endring som blir stilt framover. Han vil vere synleg for forfattarane, og bidra til å synleggjere Samlaget og forlagets utgivingar.

Edmund Austigard startar i jobben som direktør i dag, medan Kolmannskog startar i august 2012. I mellomtida skal han ha foreldrepermisjon. Anne Liv Tresselt som no fungerer i stillinga som forlagssjef vil forsette med det til Kolmannskog er på plass.

Kontakt:

Håkon Kolmannskog Tlf. 47 41 37 81

Edmund Austigard Tlf. 482 01 320

 

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Tags:

Multimedia

Multimedia