Helge Torvund 60 år

Report this content

I morgon 20. august fyller lyrikar Helge Torvund 60 år. Samlaget feirar Torvund med boka Diktkammeret og eit stort lyrikkarrangement på Litteraturhuset i Oslo 30. oktober.

30.10. lanserer vi boka Diktkammeret (i høve at Diktkammeret er 10 år i år) og feirar Helge Torvund 60 årsdag med eit matinéarrangement på Litteraturhuset i Oslo. Fleire lyrikarar blir invitert til å lese og Torvund skal halde miniforedrag og lese. Helge Torvund og Maria Børja er redaktørar for boka       

Gjennom ti år har Diktkammeret vore ein klekkje- og boltreplass for ny poesi på nettet. Kvar månad blir det posta 6000 nye dikt på Diktkammeret, og heilt sidan starten har det blitt kåra «Månadens dikt». Helge Torvund har vore med og valt ut desse, og gitt entusiastiske og innsiktsfulle kommentarar. Både dikta og kommentarane er samla i denne boka.

Helge Torvund har vore med sidan starten og skrive leksjonar i diktskriving. Desse er òg samla her, og utgjer ein eigen bolk om diktarkunsten. Boka inneheld også nye intervju med nokre av dei mest aktive forfattarane på Diktkammeret.

Konsulent i Samlaget, Brit Bildøen seier dette om Torvund posisjon:

-Helge Torvund er ein raus og klok poet. Dikta hans er  konkrete, sanselege og nære og  gir hjelp til å forstå oss sjølve og omverda. Torvund er også heilt sentral som veiledar for unge diktspirer. Det han har gjort med Diktkammeret i Dagbladet er eit lite mirakel. Det har stor betydning for dei som brukar dette, men òg for poesien sin posisjon og status i Noreg.

HELGE TORVUND (f. 1951) er lyrikar, kritikar og psykolog. Han debuterte med Hendene i byen i 1977 og har seinare gitt ut ei lang rekkje diktbøker. Siste utgjeving er Alabama (2011). Torvund er diktlærar på nettstaden Diktkammeret og var i mange år hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet. Han bur på Ogna i Rogaland.

MARIA BØRJA (f. 1977) er journalist og forfattar. Ho debuterte med novellesamlinga Voksenting i 2010. Børja har vore med i og redaktør for ei rekkje antologiar, og jobba i ti år med Dagbladets litteratursatsing på nettet. Ho bur i Oslo.

 

 

Multimedia

Multimedia