Ny, norsk peikebokserie frå Kari Stai
Den prislønte forfattaren og designaren Kari Stai er ute med ein ny peikebokserie - Mopp og Mikko. Mopp praktikar og Mikko er romantikar. Dei to gledesfylte typane er på nysgjerrig leting etter noko dei likar eller undrar seg over. I eit klart og tydeleg farge- og formspråk klarer Stai å kommunisere med dei aller minste lesarane om ting som opptar dei i kvardagslivet.
Serien består av Mopp og Mikko elskar dyr, Mopp og Mikko elskar kjøretøy, Mopp og Mikko elskar mat og Mopp og Mikko elskar ting.
Kari Stai (f. 1974) kjem frå Inderøy i Nord-Trøndelag. Ho er illustratør, forfattar og biletkunstnar. Stai debuterte med barneboka Jakob og Neikob i 2008. For den mottok ho mellom anna Kulturdepartementet sin debutantpris.
Kari Stai seier dette om den nye serien:
-I tillegg til å bidra til at dei yngste lesarane lærer grunnleggande ord og omgrep, har målet vore å gi dei eit historieforløp. Med Mopp og Mikko blir lesarane invitert med på tur og på leiting. Dei reflekterer over dei ulike tinga sin karakter, og jublar over å finne "lang mat", "harde ting", "små kjøretøy" og "stripete dyr".
Mopp og Mikko-serien er ein deltakande peikebokserie, korleis har du løyst dette i bøkene?
-Ved å legge inn spørsmål undervegs i historia, blir lesaren deltakar, og er med på å fylle opp og glede seg over det. Bøkene har som mål å sette i gang eigne tankar i barnet, om kva han eller ho likar. Kva vil dei ha med i traktoren, trucken, båten og vogna, neste gong?
Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no
Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no
Tags: