Ny bok om kvinnene i Rinnanbanden

Report this content

Nesten ein fjerdedel av medlemmane i Rinnanbanden var kvinner. Idar Lind fortel deira dramatiske historie i ny bok. 

Sydama Ragnhild Strøm var den første kvinna som vart verva av Henry Rinnan til tysk teneste. Heilt frå Rinnanbanden vart etablert på nyåret 1942, spelte kvinnene ei sentral rolle. Nesten ein fjerdedel av dei drygt 70 medlemmene var kvinner. Fleire av kvinnene som gjekk inn i arbeidet for Rinnan, trudde dei gjorde ein heiderleg innsats for motstandsrørsla. Andre sympatiserte ope med fienden. I Kvinnene i Rinnanbanden fortel Idar Lind historia om kvinnene i banden av angivarar, torturistar og drapsmenn, ei historie som ikkje er fortald før.

11.10. kl 18.00 møter Lind Kristin Hatledal til samtale på Litteraturhuset. Ho er bokaktuell med kvinner som var på den andre sida i krigen. Boka Kvinnekamp - Historia om norske motstandskvinner vert lansert samtidig med Lind si bok. Svein Sæter intervjuar dei to.

 

Idar Lind (f. 1954) debuterte som romanforfattar med Stengde dører i 1983. Sidan den gongen har han skrive ungdomsbøker, kriminalromanar, historiske romanar, dramatikk og sakprosa, mellom anna Norrøn mytologi. Frå a til å. Lind er busett i Trondheim

Inger Stenersen, marknadssjef i Samlaget, 993 42 394  i.stenersen@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Multimedia

Multimedia