Ny filmpocketutgåve av Få meg på, for faen
I samband med premieren på filmen Få meg på, for faen 19.8. gir Samlaget ut ein eigen filmpocketutgåve av Olaug Nilssens bok. Olaug Nilssen fekk sitt store gjennombrot med denne romanen som kom ut i 2005.
Få meg på, for faen er ei humoristisk roman om trongen til å bli sett av nokon. I ei av historiene møter vi Alma som får si seksuelle oppvakning når Artur er borti henne med pikken, og i dei følgjande vekene nærmast er svimeslått av uforløyst begjær. Ein mogeleg seksuell kontakt opnar opp for tankar og fantasiar som er vanskelege å kontrollere.
Sjølv seier Olaug Nilssen dette om at boka har blitt film:
- Då eg fekk tilbod om å selje filmrettane til Få meg på, for faen, trudde eg knapt det var mogeleg å realisere. I dag er eg glad, stolt og svært takksam for at Jannicke Systad Jacobsen hadde lyst til å gjere noko med boka mi. Det har blitt ein skjønn film!
Frå bokmeldingar:
"Forfriskende og hemningsløst om tenåringskåthet og opprør […] Ustyrtelig morsom … Olaug Nilssen er en forfriskende forfatter; uforutsigbar og med et opprør i seg"
Cathrine Krøger, Dagbladet
"Olaug Nilssen er blitt kåret til en av Norges ti viktigste unge forfattere; hun er garantert blant de morsomste og mest allsidige."
Ingunn Økland, Aftenposten
"Morsomt alvor fra en av våre mest særegne fortellere. […] Det er først og fremst galopperende morsomt, snakkete og levende."
Mari Nymoen, Adresseavisen
"Mesterlig innlevelse og stor humor… Olaug Nilssen er en av de skarpeste og morsomste forfatterne vi har."
Anders Sundnes Løvlie, Dagsavisen
Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no
Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no
Tags: