PRESSEMELDING: Alf Helleviks Mediemålpris 2011 til sportsjournalist Harald Thingsnes

Report this content

Harald Thingnes i NRK Sport er tildelt Alf Helleviks Mediemålpris. Thingnes får prisen for sitt konsekvente og ledige nynorsk i ein bokmåldominert journalistisk sjanger.

Harald Thingnes er ein av få nynorskbrukarar i eteren som formidlar sport. Mange skuldar sportsjournalistar for å bruke eit klisjefylt og lite gjennomtenkt språk.

Nemnda, som er samansett av leiar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, Harald Stanghelle og Ingvild Bryn ynskjer å framheve at Thingnes viser at sport kan formidlast på ein levande og ekte måte, med eit godt, fargerikt og samstundes normalisert og korrekt nynorsk. Det kan vere ei stor utfordring å føre eit presist og godt språk på direkten når ingenting er skrive ned, men også her viser Thingnes seg stødig. 

Særleg gjennom dei mange reportasjane og direkteinnslaga frå VM på ski i Oslo, har Thingnes vist heile landet kor godt nynorsk fungerer, både i kjensleladde øyeblikk, og gjennom nyheitsreportasjar frå sportsfeltet. Prisvinnaren, som og leiar underhaldningsprogrammet "Nummer 1" på NRK 1, viser at han også meistrar denne sjangeren.

Harald Thingnes er eit viktig språkleg førebilete, både for andre journalistar, og ikkje minst for språkbrukarar i heile landet som følgjer NRK sine sportssendingar på radio og fjernsyn.

Prisen vert delt ut på årsmøtet i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget 28.april.

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no 

Tags: