PRESSEMELDING: Eg kan ikkje sove no nominert til den største tyske bokprisen

Report this content

Stein Erik Lunde (forfattar) og Øyvind Torseters (ill.) biletbok Eg kan ikkje sove no som kom ut på Samlaget i 2008 er nominert til den viktigaste tyske bokprisen, Deutscher Jugendliteraturpreis, saman med to tyske og to franske biletbøker. Vinnaren blir kåra under bokmessa i Frankfurt til hausten.

 

Her i Norge fekk Eg kan ikkje sove no Kulturdepartementets pris for beste bildebok i 2008. I fjor kom boka ut på det tyske kvalitetsforlaget Gerstenberg under tittelen “Papas Arme sind ein Boot”. Boka har fått stor merksemd i tyske aviser. Frankfurter Allgemeine Zeitung skriv dette om boka: ”Det finst mange barnebøker som dreier seg om døden. Denne boka skil seg frå mange andre: Ho er mild, stille, sorgsam og fylt av trøyst. Stein Erik Lunde og Øyvind Torseter viser i Eg kan ikkje sove no korleis tekst og illustrasjonar kan kaste lys over kvarandre på ein storarta måte”.

 

 

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Tags:

Multimedia

Multimedia