PRESSEMELDING: Grotten til Samlagsforfattar Jon Fosse

Report this content

Grotten til forfattar og dramatikar med unik internasjonal appell

Konstituert forlagsdirektør i Samlaget, Tom Skovdahl seier dette om tildelinga av Grotten til Jon Fosse:

-I Samlaget er vi glade og stolte over den æra han blir vist med denne tildelinga. Sidan Fosses debut i 1983 har Samlaget fått følgje ein produktiv forfattarskap i stor utvikling og utbreiing. Vi har sett ein forfattar, som etter å ha etablert seg solid som romanforfattar, poet og barnebokforfattar, har gjort dramatikar av seg og opplevd eit internasjonalt gjennombrot utan sidestykke i samtidslitteraturen.

Då Fosse fekk Ibsenprisen 2010, sa Jon Fosse dette om kva nynorsken tyder for diktinga hans.

-Min forfattarskap er sjølvsagt uløyseleg knytt til nynorsken. Og eg trur, og veit, at nynorsken som språk påverkar, og er med på å bestemma, diktinga mi.

Om Jon Fosse:

Jon Fosse. f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp meir enn 700 gonger over heile verda. Fosse har motteke ei uendeleg rekkje prisar både i inn- og utland. Jon Fosse har gitt ut over 50 bøker på Samlaget sidan debuten i 1983.  Den siste boka Kortare stykke kom ut i mars i år.  Til hausten gir forlaget ut to samlebøker med essays og kortprosa av Fosse. Meir info om Jon Fosse her

Foto: Knut Egil Wang

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no 

Tags:

Multimedia

Multimedia