PRESSEMELDING: Rune Timberlids vestlandskrim i nytt opplag

Report this content

Den kritikarroste og populære krimforfattaren Rune Timberlid er ute med ny krimbok, Sanct Svithuns gåte. Boka har berre vore ute i tre veker men kjem alt no i nytt opplag.

Timberlids helt Rolf Randen  frå lensmannskontoret i Førde for å patruljere kysten i ein open gummibåt. Eit meiningslaust oppdrag, tenkjer han og vil heller dykke ned til det gamle hurtigruteskipet Sanct Svithun som blei bomba utanfor Ervika i 1943. Under eit dykk finn Randen ein død mann i sjøen ved ei sandstrand nær Vestkapp. Samstundes forsvinn ei kvinne og  gamle gullmyntar dukkar opp. Rolf Randen er igjen i sentrum av eit storslagent drama som har forgreiningar til Stalins Gulag-leirar, andre verdskrig og den spanske armada – og bak ligg den mektige naturen i Selje og spelar med.

Naturen i Selje spelar ei viktig rolle i boka. Timberlid forklarer det slik:

-For meg er det få ting om gjer større  naturinntrykk enn å komme til Selje. Vestkapp er ein fantastisk stad - du står nesten 500 meter over havet og ser ned på trafikken på Stadhavet som er det røffaste havstykket langs den lange kysten. Eg har lenge hatt ein draum om å prøve å bruke dette landskap i ei av mine bøker - no har eg klart det. Og; er det ei av mine bøker som ein dag skal filmast, så må det bli denne. Det kunne blitt unike naturscenar av slikt!

Krigshistoria og vraket av Sanct Svithun står også sentralt i boka:

-Det er dramatisk krigshistorie å ause av i Selje. Ikkje minst gjeld det redningsaksjonen då det norske passaserskipet "Sanct Svithun" av ein eller annan grunn vart bomba av allierte fly i 1943. Ei stor krigsgåte! Havariet utløyste ein svært modig redningsaksjon der lokale folk rodde ut i stiv kuling for å redde passasjerar i sjøen og på holmar, fortel Timberlid.

RUNE TIMBERLID (f. 1950) er journalist og kriminalforfattar. Han har, sidan debuten i 1991, skrive fleire bøker om politibetjent Rolf Randen frå Høyanger, m.a. Deadline (2006) og Operasjon Siskin (2008). Timberlid er busett i Førde og arbeider som informasjonssjef i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Frå meldingar av Sanct Svithuns gåte:

"Timberlid leverer varene igjen. Et rikholdig og fint sammensatt persongalleri gjør historien - eller historiene - levende og interessante, og det er morsomt å se hvordan Timberlid elegant samler alle trådene mot slutten. Nå har forfatteren truet med å gi seg med denne serien, og den åpne slutten kan tyde på at han lar Rolf Randen ri inn i solnedgangen for godt. Men det ville vært for gale, både damene og leserne fortjener mer av Randen!"

Lars Helge Nilsen, Bergens Tidende

"Rune Timberlid leverer stor krim fra små forhold i sin siste bok om politimannen Rolf Randen. Her er det kvalitet hele veien, enten det er bygdedyret eller politiarbeidet som skildres. Bakteppet er magisk i seg selv. Selja og gammel kristen tro på en side og den spanske armada, et bombet hurtigruteskip og Stalins Sovjet på den andre. Midt opp i det hele en traust politimann som kommanderes ut for å vokte norskekysten mot islamske terrorister med gummibåt."

Monika Nordland Yndestad, BA

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Tags:

Multimedia

Multimedia