PRESSEMELDING: Samlagsprisen 2011 til Brit Bildøen

Report this content

Pris til stilsikker, kompleks og utfordrande forfattarskap. Bildøen debuterte i 1991 og har i år 20 års jubileum som forfattar.

 

Juryen legg vekt på det stilsikre, komplekse og utfordrande i Bildøens forfattarskap.: "Ein forfattarskap som også er kjenneteikna av å vere allsidig og overraskande: Bildøen har gitt ut både barnebøker, lettlesbøker, essay, artiklar, dikt, prosa og romanar, og ho har også gjendikta og omsett. Og fellesnemnaren i både dei smale diktsamlingane og dei breie bokklubbøkene er alltid det same: kvalitet. Bildøen har vore med på å prege norsk litteratur dei siste 20 åra, sidan debuten i 1991."

Juryen legg også vekt på formidlaren Bildøen:

"Vi kan ta tak i lysmetaforikken i Mitt milde vesen og seie at Bildøen som forfattar og konsulent arbeider med opplysing: Ho er ein folkeopplysar og ein litterær oppdragar. Med essaysamlinga Litterær Salong frå 2009 ville Bildøen synleggjere forfattarskapar eller delar av forfattarskapar som ho meinte fortente fleire lesarar eller betre lesingar. Boka rettar fokuset mot kvinnelege forfattarar og den manglande anerkjenninga dei ofte får for arbeidet sitt. Boka fekk stor merksemd i media, Bildøens tema blei drøfta vidare, og i året som følgde, deltok ho i mange intervju og paneldebattar med utgangspunkt i boka si."

Prisen er på 50 000 og vert delt ut av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget. I juryen: David Aasen, Øystein Orten og Linn T. Sunne.

Prisen vert delt ut torsdag 28.5.

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Tags:

Multimedia

Multimedia