Pressemelding: Vårlista 2012 frå Det Norske Samlaget

Report this content

Jon Fosse, Patti Smith, Peter Carey, Åshild Ulstrup og Lene Kaaberbøl er alle bokaktuelle på Samlaget denne våren.

Jon Fosse kjem med romanen Olavs draumar 3.2.. Boka er ein fri oppfølgjar til Andvake frå 2007. Med eit enkelt og ladd språk skapar Fosse ei lysande skildring av kjærleiken mellom to unge menneske. I mars kjem den sjølvbiografiske boka Just Kids av Patti Smith (omsett av Brit Bildøen). Boka skildrar forholdet mellom kunstnarane Patti Smith og Robert Mapplethorpe, og miljøet dei var ein del av i New York. Uvanleg og spennande kunstnarbiografi, og eit tidsbilde frå  Chelsea Hotel på slutten av 60-talet og starten av 70-talet.

Verd å merke seg er også Tre søstre av Bi Feiyu , om kvinner og familieliv under Mao. Boka vart kåra til beste asiatiske bok i 2011. Bookerprisvinnar Peter Carey er aktuell med romanen Parrot og Olivier i Amerika.

50 årsjubilant Brit Bildøens Litterær salong kjem i pocket i slutten av januar – ein inspirerande leseguide til bøker av kvinnelege forfattarar. Agnes Ravatns Stillstand kjem også i pocket. Det same med Rune Timberlids populære vestlandskrim, Sanct Svithuns gåte.

Ragnar Hovlands 60 årsdag vert feira med stor fest i Losjen i Bergen 23.3. I samband med feiringa gir Samlaget ut ei bok om jubilanten, av Halvor Folgerø og Finn Tokvam.

Samlaget har tre barnebokdebutantar denne våren, Elin Grimstad med biletboka Månen som ville lyse som sola, Kari Smeland med Familien Kråkestup og nyset i nabohuset og Siv Østrem Peersen med Ulvetone.

Danske Lene Kaaberbøl kjem med ny, spennande serie, Villheks. Kaaberbøl er mellom anna kjend som forfattaren bak den populære Skammarserien, og skriv også krim for vaksne. I mars kjem det ei ny bøk i Cherub-serien av Robert Muchamore, bok fem: Heilag galskap. Brittiske Muchamore er tidlegare privatettetterforskar, og skriv drivande spennande bøker for aldersgruppa 10 +. Muchamore har selt 4 mill bøker på verdsbasis. Aina Basso er klar med sin tredje historiske roman. I ungdomsboka Inn i elden er temaet hekseprosessane, og handlinga er lagt til Finnmark på 1600-talet.

I Valkyrjesong skriv Solveig Aareskjold at vi har mistolka den norrøne litteraturen. Ho les sagaen på ny og finn andre bilete av menn og kvinner og tilhøvet mellom dei, enn det som er det kjende bilete av det norrøne.

NRK-profil Åshild Ulstrup skriv om døden seint i livet i Eg ser ei sol. Tankar om slutten. I handboka ”Varig kjærleik” gir samlivsterapeut Anne Marie Fosse Teigen råd om korleis ein kan meistre samlivet. Fosse Teigen har lang erfaring med parterapi og samlivskurs.

Gunda Djupvik kjem med ei komplett bok om Sylting og safting –heile året. Erica Laurell er klar med ny heklebok, denne gongen ”Hekla kosedyr”.

Foto: Tom A. Kolstad/Aftenposten

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Tags:

Multimedia

Multimedia