Samlaget Brage-nominert i alle kategoriar

Report this content

Samlagsforfattarane Agnes Ravatn, Mette Karlsvik, Sunniva Relling Berg og Arnhild Skre er nominert i kvar sin Brage-kategori

Mette Karsvik er nominert i klassen for skjønnlitteratur for romanen Bli Björk. Det er stor førehandsinteresse for boka, som vert lansert 23.11. Bli Björk er ein roman om Björk og famlien hennar i tida før Björk slo gjennom som internasjonal artist. Agnes Ravatn er nominert i kategorien sakprosa med Folkelesnad som kom i vår, Arnhild Skre i kategorien biografi for Hulda Garborg. Nasjonal strateg, og Sunniva Relling Berg med ungdomsromanen Utfor i kategorien barne- og ungdomsbøker.

Det er den 20. gongen Brageprisen vert delt ut i år, og som i det første året har Samlaget mange nominerte. I 1982 vann Samlaget fire prisar (av åtte moglege), mellom anna fekk Ragnar Hovland  Bragepris for Ein motorsykkel i natta.

Den nye direktøren i Samlaget, Edmund Austigard seier dette om det høge talet på nominerte:  - Eg er takksam for at dei nominerte forfattarane valde Samlaget som samarbeidspartnar for desse bokprosjekta. Eg er også imponert over redaksjonen i Samlaget som har fått fram fire Brageprisnominerte på eit år.

 

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Tags:

Multimedia

Multimedia