Samlaget lanserer e-bøker gjennom Bokskya
Samlaget lanserer om lag 50 ebøker når Bokskya opnar 4. april. Bøker av mellom andre Ragnar Hovland, Frode Grytten, Olaug Nilssen, Jon Fosse, Brit Bildøen, og Are Kalvø vert å finne på portalen.
Samlaget her eit ansvar for å spreie nynorsklitteraturen i størst mogleg grad, og vil sikre at fleire av forlagets mest populære titlar vil vere tilgjengelege for nettbrettlesarane frå første stund.
Konstituert direktør i Samlaget, Tom Skovdahl seier dette om lanseringa:
- Det at vi får ei brei lansering av norske e-bøker gjennom Bokskya er spennande. Ingen veit kor stor denne marknaden vil bli, men Samlaget har no bestemt seg for å vere med frå første dag for å sikre at også nynorske titlar er tilgjengelege for lesarane som e-bøker. Fram til no har vi vore litt nølande til å vere med, hovudsakleg på grunn av at vi meinte prisane for distribusjon har vore altfor høge. Det er gledeleg at Bokskya har høyrt Samlagets argumentasjon og no har redusert prisen på distribusjon gjennom portalen.
For meir informasjon:
Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no
Bildetekst: Ragnar Hovland snart tilgjengeleg på Bokskya
Foto: Samlaget/Herborg Pedersen
Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no
Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no
Tags: