VAFFELHJARTE SELT TIL STORBRITANNIA OG USA

Report this content

Maria Parr gjer stor suksess i utlandet. Debutboka Vaffelhjarte er no selt for utgiving på engelsk. Noko som er svært sjeldan for norske barnebøker.

Totalt er Vaffelhjarte selt til 16 land, inkludert Kina, Japan og Russland. I Storbritannia er det det tradisjonsrike forlaget Walker Books som skal gi ut boka, i USA forlaget Candlewick.

NRK-serien basert på boka, Vaffelhjarte, har gått på Barne-TV i haust, og vert også sendt som familieunderhaldning  på NRK1 i jula.

Maria Parr (f. 1981) er blant dei norske barnebokforfattarane med flest utgivingsland, og ligg heilt i tetskiktet med forfattarar som Erlend Loe og Klaus Hagerup. Maria Parr debuterte med Vaffelhjarte i 2005, boka vart mellom anna nominert til Brageprisen. I 2009 fulgte ho opp med Tonje Glimmerdal som vann Brageprisen det året. I 2010 vart Tonje Glimmerdal kåra til beste tyske barnebok av avisa Die Zeit. Tonje Glimmerdal er førebels selt til ni land.

Edmund Austigard, forlagsdirektør i Samlaget, er stolt over Parrs suksess i utlandet: -Det er imponerande at Maria Parr etter berre to bøker er blant dei mest omsette norske barnebøkene i utlandet. Det visar hennar store og allmenngyldige appell. Vi er takknemlige for å gi ut forfattaren som bokmeldarar verda rundt samanliknar med Astrid Lindgren.

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Tags:

Multimedia

Multimedia