Brit Bildøens siste roman snart på tysk
Bildøens kritikarroste roman Adam Hiorths veg er selt for utgjeving på tysk. Det er det sveitsiske forlaget Martin Wallimann som har kjøpt dei tyske rettane. Frå før har dei Sigmund Løvåsen og Tarjei Vesaas på lista, i ein serie med skandinavisk litteratur som dei kallar "Nordwärts lesen". Adam Hiorths veg kom ut hausten 2011 og fortel historia om miljøvernaren Jon Utskott som legg ut på sin årlege sykkeltur frå aust til vest. Denne gongen tek han svært motvillig med seg den unge dokumentarfilmskaparen Adam Hiorth. Som vår tids Don Quijote og Sancho Panza legg dei ut i teneste