Krim frå Gotland
Den svenske krimdronninga Mari Jungstedts bok I denne søte sommartid vert no lansert på norsk. Som i alle krimbøkene til Jungstedt er handlinga lagt til Gotland. Anna Gavalda-omsetjar Tove Bakke står for den norske utgåva. Jungstedts krimbøker kjem ut i fleire land, blant anna USA, England og Tyskland. Fleire av bøkene hennar er filmatiserte. Brutale drap på idylliske Gotland Tidleg ein vakker sommardag blir ein ung, gotlandsk snikkar og småbarnsfar kaldblodig myrda på campingplassen på Fårö. Panikken spreier seg. Kven står bak avrettinga på den idylliske stranda? Overbetjenten