Melsom-prisen 2011 til Lars Amund Vaage.
Melsom-prisen har sidan 1924 gått til ei ”verdifull bok” som ”efter sitt innhold kan egne sig til folkelæsning og masseutbredelse”. Lars Amund Vaage får prisen for den siste romanen sin, ”Skuggen og dronninga”, som juryen kallar "ein original, rørande og tankevekkande roman om mennesket sin plass i verda.Juryen seier dette om tildelinga: "Det er ei glede å få gi Melsom-prisen til Lars Amund Vaage, som i heile sin forfattarskap har vore ein språkleg fornyar. Kanskje er det nettopp derfor språkløyse har vore eit tilbakevendande tema i bøkene hans. Vaage har vore opptatt av dei som skil seg ut,