Nordisk pris til omsetjar Lars Moa
Den kritikarroste omsetjaren Lars Moa er tildelt Sokneprest Alfred Andersson-Rysst pris. For si siste omsetjing, U - historier om djevelskap av Carl Jóhan Jensen (Samlaget 2010), vart han hylla av meldarane. Omsetjinga vart kalla "en oversettelsesbragd», «et storarbeid» og «en kraftfull og mørkt syngende oversettelse". Sokneprest Alfred Andersson-Rysst og hustru Solveigs fond er ein pris for å styrke banda mellom Norge, Færøyane og Island.Slik grunngjev juryen prisen ( Bjarne Mørk-Eidem, Tone Myklebost, Stein Versto): "Dei seinaste åra har Lars Moa gjort eit storarbeid med å omsette