BLIXPRISEN 2011 TIL FORFATTAR INGVILD HOLVIK
Ingvild Holvik debuterte i 2010 med romanen Lykkefeltet. Juryen bak Blixprisen kallar Holvik "ein heilstøpt forfattar alt i debuten".Blixprisen er ein litterær pris som årleg blir delt ut av litteraturselskapet Det Norske Samlaget til ein framifrå nordnorsk forfattar som skriv på nynorsk. Prisen er på 15000 kroner og kjem frå Elias og Emma Blix´ minnefond. Frå grunngjevinga til juryen: "Ingvild Holviks roman Lykkefeltet handlar om psykologistudenten Stine, som har flytta til far sin for å halde auge med søstera Gro som er deprimert. Stine er den som tar ansvar i familien, innkallar