Ny roman frå Edmund Austigard med humoristisk blikk på heimefront og livet på heia
Austigards nye roman Solskinsbussen tek oss med til Ryfylkeheiane der ein heimvendt gardsgut vert slept ned i fallskjerm for å redde bygda frå tyskerane1944. Det er krig. Løytnant Bønarflott og laget hans blir flydd over Nordsjøen av RAF. Etter 17 år i Chicago svevar han mot gamlelandet i fallskjerm. Landinga blir mjuk, han borar seg ned i svartjordmyr. Blir ståande fast som levande blink langt oppe i ryfylkeheiane. Hans einaste håp er at pøsregnet gjer jordmyra så laus at ho slepp taket. Samtidig spør han seg sjølv kva som verkeleg er verdt å daude for? Konge, fedreland, ei fri verd, ære?