Debuterer med eventyrleg vikingroman med handling frå Afrika
Tore Kvæven debutbok Hard er mitt lands lov er ein roman om vikingar på vill tokt opp Kongoelva. Skildringa av ferda over havet og innover i jungelen har slektskap med klassiske romanar som Moby Dick og Heart of Darkness. Det norske skipet Havjerven ligg til hamn i Roma då høvdingen blir utfordra og drepen i sverdkamp av grønlendingen Ulfr. Ulfr tar høvdingtittelen på skipet og lokkar mannskapet med seg på ei vill havferd nedover kysten av Store Serkland (Afrika), vidare opp Kongo-elva og mot det indre av Afrika. Skildringa av ferda over havet og innover i jungelen har slektskap