Lansering av boka SØSKEN- ærlege og kjærlege tekstar om å vere søsken
29.9. lanserer Samlaget i samarbeid med tidsskiftet Ratatorsk praktboka SØSKEN. Lobbyen i Verkstedhallen, Trondheim. kl 19.30. Tomas Espedal, Gunhild Øyehaug, Frode Grytten og Selma Lønning Aarø er blant bidragsytarane i ei bok som undersøker temaet søsken frå mangfaldige vinklar. Det har blitt ei samling med ærlege og kjærlege tekstar, illustrert med personlege foto av søskena som er med i boka, kombinert med Benedikte Skarviks originale og stilistiske søskenfoto tatt spesielt til boka. To søskenpar står bak boka, Kjersti og Ingrid Rognes Solbu og Guri og Sigrid Sørumgård