Vestlendingar tapar pengar

Report this content

Nesten halvparten av innbyggjarane på Vestlandet veit ikkje kva dei betalar i rente på bustadlånet sitt. – Det gjer at dei kan tape fleire titalls-tusen kroner i året, seier Leif-Kjartan Bjørsvik, kommunikasjonssjef i Skandiabanken.

I ei spørreundersøking Sentio har gjort for Skandiabanken seier 45 prosent av vestlendingane at dei ikkje veit kva dei betalar i rente. Berre folk i Nord-Norge "slår" vestlendingane med 46 prosent. Det er folk i Midt-Norge som best kjenner renta si då 29 prosent seier dei ikkje veit kva rente dei betalar på bustadlånet.

– Når ein ikkje veit kva ein betalar, betalar ein truleg for mykje, seier Leif-Kjartan Bjørsvik, kommunikasjonssjef i Skandiabanken.

Prisbevisste kundar kjenner renta og bytar gjerne bank for å få betre vilkår. Undersøkinga viser også at ønskje om lågare rente er den vanligaste grunnen til å byte bank. Likevel er det få som bytar bank.

– Kundane må bli meir medvitne og kritiske. Det er enkelt å byte bank, så bruk Forbrukarrådet si teneste finansportalen.no for å finne betre rente, seier Bjørsvik.

På eit bustadlån på tre millionar kroner kan det vere så mykje som 30.000 kroner å spare i året på å byte bank, viser Finansportalen.


For meir informasjon kontakt:

Kommunikasjonssjef Leif-Kjartan Bjørsvik | Mob. 900 41 162 | E-post: lkb@skandiabanken.no

Multimedia

Multimedia