Sparebanken Hardanger blir SpareBank 1-bank
Sparebanken Hardanger blir SpareBank 1-bank [14.09.06] Sparebanken Hardanger har vedteke å knyta seg til SpareBank 1-alliansen. Banken blir ein del av eit samarbeid mellom 22 sjølvstendige sparebankar med over 340 kontor og filialar over heile Noreg. - Sparebanken Hardanger ønskjer også i framtida å vera ein kundeorientert og sjølvstendig bank. Som SpareBank 1-bank med lokalt styre, lokal leiing og lokal forankring vil vi også i framtida vere ein bank til beste for privatpersonar og verksemder i marknadsområdet vårt seier adm. banksjef Oddmund Teigland. - Vi vel å gå med i ein allianse som er tufta på prinsippet om sjølvstendig bankdrift. For oss har det også vore heilt avgjerande at alliansen har kjerneverdiar som samsvarer med våre eigne. Samarbeide mellom sjølvstendige sparebankar med lokal forankring er kjernen i SpareBank 1. Gjennom det som no vert våre eigne produktselskap kan vi tilby eit stort og konkurransedyktig sortiment av dei produkt og tenester kundar forventar å finna i banken. - Vi gler oss til å kunna tilby kundane våre produkt som er spesialtilpassa for den norske marknaden av ein allianse av norske sparebankar. - At SpareBank 1 som merkevare er ei av dei sterkaste i bransjen, fortel etter vårt syn mykje om det arbeidet alliansen har lagt ned i løpet av dei 10 første åra sine. Gjennom Samarbeidende Sparebanker, som Hardingbanken no blir ein del av, har alliansen allereie 17 mellomstore bankar med i samarbeidet. Vi gler oss til å ta tak i arbeidet saman med dei nye alliansepartnarane våre og skal gjera vårt for å bidra positivt til den vidare utviklinga av SpareBank 1-alliansen, seier Oddmund Teigland. Adm. direktør Gunn Wærsted i SpareBank 1 Gruppen ønskjer Sparebanken Hardanger velkomen som SpareBank 1-bank. – Sparebanken Hardanger er ein sterk og sjølvstendig sparebank som deler SpareBank 1 sitt syn på marknaden og framtida. Eg føler meg trygg på at vi kan tilføre kvarandre innsikt til glede for kundane og marknaden i Hardingbankens område. - Sparebanken Hardanger vil få tilgang til eit vidt sparebanksamarbeid, der beste praksis, produktutvikling og konkurranseevne er viktige bærebjelkar. Samstundes vil SpareBank 1 sin felles produktbase, innan mellom anna spare-/pensjonsområdet, skadeforsikring og eigedomsmekling verte tilgjengeleg i eit nytt og viktig geografisk område, seier Gunn Wærsted. Sparebanken Hardanger går inn som medeigar i Samarbeidende Sparebanker AS, som eig 19,5 % av SpareBank 1 Gruppen AS. SpareBank 1 Gruppen er vidare eigd med 90 % av SpareBank 1-bankane og 10 % av LO. SpareBank 1 Gruppen eig SpareBank 1 Skadeforsikring AS, SpareBank 1 Livsforsikring AS, SpareBank 1 Fondsforsikring AS, Bank 1 Oslo AS, ODIN Forvaltning AS og SpareBank 1 Medlemskort AS. SpareBank 1 Gruppen AS eig også 24,5 % av FIRST Securities ASA. Oslo, den 14. september 2006 Kontaktpersoner: Adm. banksjef Oddmund Teigland, Sparebanken Hardanger Tlf. 917 10 533 Adm. dir. Gunn Wærsted, SpareBank 1 Gruppen AS tlf. 950 45590 Info. dir. Thoralf Granerød, SpareBank 1 Gruppen AS tlf. 918 30369 Rapporter, pressestoff og foto kan hentes på: sparebank1.no/pressesenter ------------------------------------------------------------ Informasjonen er sendt gjennom Waymaker http://www.waymaker.no