Sparebanken Volda Ørsta blir SpareBank 1-bank
Sparebanken Volda Ørsta har vedtatt å gå inn i SpareBank 1-alliansen. Sparebanken blir dermed del av eit samarbeid mellom 20 sjølvstendige sparebankar, med over 300 kontor og filialar over heile Noreg.
- Sparebanken Volda Ørsta er ein sterk, lokal og sjølvstendig sparebank. Det skal vi vere også i framtida, seier adm. banksjef Harald Indresøvde. – Derfor vel vi no å gå inn i ein allianse som er tufta på dette prinsippet. For oss har det vore heilt avgjerande at alliansen har kjerneverdiar som fullt ut samsvarer med våre eigne. ”Nær og dyktig” er eit slagord vi gjerne stiller oss bak, og samarbeid mellom sjølvstendige sparebankar med lokal forankring er kjernen i alliansen. Eit anna viktig moment er at alliansen gjennom eigne produktselskap rår over eit godt sortiment av konkurransedyktige produkt. - Vi gler oss over å få tilgang til denne ”verktøykassa”, som er spesialtilpassa norske sparebankar. At SpareBank 1 som merkevare er ei av dei sterkaste i bransjen, fortel etter vårt syn mykje om det arbeidet alliansen har lagt ned i løpet av sine 10 år. Gjennom Samarbeidende Sparebanker AS har alliansen allereie 15 bankar på vår storleik med i samarbeidet. Vi ser på dette som eit stort aktivum på fleire plan for Sparebanken Volda Ørsta. Vi gler oss til å ta tak i arbeidet saman med våre alliansepartnarar og voner vi kan bidra til den vidare utviklinga av SpareBank 1- alliansen, seier Harald Indresøvde. Adm. direktør Gunn Wærsted i SpareBank 1 Gruppen, ønskjer Sparebanken Volda Ørsta velkomen som SpareBank 1-bank. – Sparebanken Volda Ørsta er ein sterk, lokal og sjølvstendig sparebank som deler SpareBank 1 sitt syn på marknaden og framtida. Eg føler meg trygg på at vi kan tilføre kvarandre innsikt til glede for alle partar. - Sparebanken Volda Ørsta vil få tilgang til eit vidt sparebanksamarbeid, der beste praksis, produktutvikling og konkurranseevne er viktige bærebjelkar. Samstundes vil SpareBank 1 sin felles produktbase, innan mellom anna spare-/pensjonsområdet, skadeforsikring og eigedomsmekling verte tilgjengeleg i eit nytt og viktig geografisk område, seier Gunn Wærsted. Sparebanken Volda Ørsta går inn som medeigar i Samarbeidende Sparebanker AS, som eig 17,63 % av SpareBank 1 Gruppen AS. SpareBank 1 Gruppen er eigd av SpareBank1-bankane saman med ForeningsSparbanken og LO. SpareBank 1 Gruppen eig SpareBank 1 Skadeforsikring AS, SpareBank1 Livsforsikring AS, SpareBank 1 Fondsforsikring AS, Bank 1 Oslo AS, ODIN Forvaltning AS og SpareBank 1 Medlemskort AS. SpareBank 1 Gruppen AS eig også 24,5 % av FIRST Securities ASA. FAKTA Dette er Sparebanken Volda Ørsta Sparebanken Volda Ørsta er ein solid og sjølvstendig bank med lokal forankring. Banken vert leia av adm. banksjef Harald Indresøvde. Banken har hovudkontor i Volda og avdelingskontor i Ørsta, på Vartdal og Sæbø. Forvaltningskapitalen er på 3,8 mrd. Banken har 47 årsverk og er marknadsleiar i Volda og Ørsta kommunar. Banken har dei siste åra hatt sterk vekst, også utanfor primærområdet sitt. Banken har som strategi å søkje vekst gjennom å utvide marknadsområdet. Mellom anna har banken lenge hatt ein stor del kundar med røter i Volda og Ørsta kommunar, som no er utflytte og etablert i storbyane. Med kostnadseffektiv drift har banken levert gode resultat over fleire år, siste år eit resultat på 44,5 mill. kroner etter skatt, tilsvarande 1,29 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital. Soliditeten er god med kapitaldekning på godt over 16 %. Banken eig 100 % av aksjane i Solid Eigedomsmekling AS. Kompetansebygging har vore i fokus i mange år og det er ei uttalt målsetjing at banken skal framstå som ein institusjon som yter god rådgjeving innanfor heile kundespekteret. Det siste året er mellom anna 7 medarbeidarar innan personkundemarknaden sertifiserte som finansielle rådgjevarar. Banken har tradisjon for samarbeid med eit vidt spekter av leverandørar, bankar og alliansar. Volda og Ørsta kommunar har 20.000 innbyggjarar og regionen er inne i ei aktiv og positiv utvikling med m.a. høg byggjeaktivitet både innan samferdsel og anlegg. Distriktet banken er lokalisert i er særmerkt ved at ein svært stor del av arbeidsmarknaden er knytt til offentlege institusjonar, mellom anna sjukehus, høgskule og anna offentleg servicenæring. Arbeidsløysa har over tid vore mellom den lågaste i landet. Dette er SpareBank 1 SpareBank 1 er et bank- og produktsamarbeid der SpareBank 1-bankene i Norge samarbeider gjennom det felleseide holdingselskapet SpareBank 1 Gruppen AS. Etter Sparebanken Volda Ørstas inntreden er 19 SpareBank 1-banker med i alliansen. I tillegg eier SpareBank 1 Gruppen bankvirksomheten som dekker Oslo, Akershus og Hedmark, gjennom Bank 1 Oslo. Et overordnet mål for SpareBank 1-alliansen er å sikre den enkelte banks selvstendighet og regionale forankring gjennom sterk konkurranseevne, lønnsomhet og soliditet. Samtidig representerer SpareBank 1-alliansen et konkurransemessig fullverdig bankalternativ på nasjonalt og nordisk nivå. For å oppnå felles mål har bankene i alliansen etablert en felles og nasjonal markedsprofil. Den markedsstrategiske plattformen danner basis for felles produkt- og konseptutvikling. Felles produktselskaper er etablert gjennom SpareBank 1 Gruppen AS, og alliansebankene har utviklet en felles teknologiplattform. Erfaringsutveksling og overføring av kompetanse innen alliansen, basert på beste praksis, er et viktig element for å utvikle alliansen videre. SpareBank 1-alliansen omfatter ca. 300 kontorer og filialer over hele landet. SpareBank 1 Gruppen AS´ produkter distribueres gjennom ca. 360 kontorer, som dekker alle landets fylker. SpareBank 1-bankene eier, sammen med FöreningsSparbanken og LO, virksomheten SpareBank 1 Gruppen AS, som omfatter SpareBank 1 Skadeforsikring AS, SpareBank 1 Livsforsikring AS, SpareBank 1 Fondsforsikring AS, Bank 1 Oslo AS, ODIN Forvaltning AS og SpareBank 1 Medlemskort AS. SpareBank 1 Gruppen AS eier også 24,5 % av meglerselskapet FIRST Securities ASA.