Gilde i Førde sterkt representert i kompetansekampanje

Report this content

(Oslo, 13.01.2005) Vox, nasjonalt senter for læring i arbeidslivet, startar 17.januar ein kampanje i Sogn og Fjordane for å få fleire bedrifter til å ta i bruk kompetanseattest. Kampanjen er eit samarbeid med fylkeskommunen og varar til 14. februar.

Vox har valt ut ni representantar frå bedriftar i fylket som skal fortelje om sine erfaringar med kartlegging og dokumentasjon av kompetanse. Tre av desse kompetanseambassadørane er frå Gilde avd. Førde. Dei tre er driftssjef Jakob Sætre, Signe Mehl og hovudtillitsvalt Bjørn Bygstad. Systematisk kartlegging av faktisk kunnskap er viktig for å styrkje omstillingsevna til bedrifter og den einskilde tilsette. Vox har utvikla eit system med kartlegging av kompetanse og bruk av kompetanseattest. Den viktigaste bodskapen vår er: Du har meir enn du trur Du kan meir enn du trur. Pilotprosjekt Arbeidet blir etter kampanjeperioden vidareført av selskapet Ny Kunnskap som er eigd av fylkeskommunen og lokale næringsinteresser. Kampanjen er eit pilotprosjekt. Erfaringane frå Sogn og Fjordane skal brukast i liknande kampanjar i andre delar av landet. I kampanjeperioden vil lokale næringshagar arrangere møte for bedrifter frå heile fylket. Desse næringshagane er våre samarbeidspartnarar: • Stryn næringshage • Sandane Næringshage, • Nordfjordeid Næringshage, • Flora Næringshage/ Sunnfjord 2020, • Sogn Næringshage • Bremanger Vekst Opning Kampanjen blir opna med eit arrangement i samarbeid med Flora Næringshage 17. januar kl. 1245. Adresse: Flora samfunnshus, Markegata 51. Yngve Hågensen, styreleiar i Vox, og fylkesordførar Nils R. Sandal vil halde innlegg. Alle kompetanseambassadørane og representantar frå næringshagane vil vere til stades og tilgjengelege for pressa. Kontaktpersonar: Leiar for ambassadørteamet Leif Røv, tlf.916 97 697, leif.rov@sf-f.kommune.no Turid Kjølseth, direktør Vox, tlf. 23 38 13 10/93 43 93 62 turid.kjolseth@vox.no Meir om Vox på www.vox.no

Multimedia

Multimedia