Sogn Næringshage har viktig rolle i kunnskapskampanje

Report this content

(Oslo, 13.01.2005) Vox, nasjonalt senter for læring i arbeidslivet, startar 17.januar ein kampanje i Sogn og Fjordane for å få fleire bedrifter til å ta i bruk kompetanseattest. Kampanjen er eit samarbeid med fylkeskommunen og varer til 14. februar.

Leiarar, tillitsvalde og tilsette frå mellom anna Ekornes Møbler avd. Grodås og Gilde i Førde vil i kampanjeperioden møte bedriftsleiarar frå heile fylket for å fortelje om erfaringane sine med kartlegging og dokumentasjon av kompetanse. I alt ni lokale aktørar vil vere ambassadørar for kompetansearbeid. Møta blir arrangerte av dei lokale samarbeidspartnarane våre. Sogn Næringshage er ein av dei. De andre næringshagane som deltar er: • Stryn næringshage • Sandane Næringshage • Nordfjordeid Næringshage • Flora Næringshage/ Sunnfjord 2020 • Bremanger Vekst Systematisk kartlegging av faktisk kunnskap er viktig for å styrkje omstillingsevna til bedrifter og den enkelte tilsette. Vox har utvikla eit system med kartlegging av kompetanse og bruk av kompetanseattest. Den viktigaste bodskapen vår er: Du har meir enn du trur Du kan meir enn du trur. Pilotprosjekt Arbeidet blir etter kampanjeperioden vidareført av selskapet Ny Kunnskap, som er eigd av fylkeskommunen og lokale næringsinteresser. Kampanjen er eit pilotprosjekt. Erfaringane frå Sogn og Fjordane skal brukast i liknande kampanjar i andre delar av landet. Opning Kampanjen blir opna i Florø med eit arrangement i samfunnshuset i samarbeid med Flora Næringshage/Sunnfjord 2020. Tid og stad:17.januar kl. 1245 i Flora samfunnshus, Markegata 51. Yngve Hågensen, styreleiar i Vox, og fylkesordførar Nils R. Sandal vil halde innlegg. Kompetanseambassadørane og representantar frå næringshagane vil vere tilgjengelege for pressa. Kontaktpersonar: Leif Røv, leiar for ambassadørteamet, tlf. 91 69 76 97 leif.rov@sf-f.kommune.no Turid Kjølseth, direktør Vox, tlf. 23 38 13 10 / 93 43 93 62 turid.kjolseth@vox.no Meir om Vox på www.vox.no

Multimedia

Multimedia