Til redaksjonen

Report this content

(Oslo, 10.02.05): Vox, nasjonalt senter for læring i arbeidslivet, inviterer til Nordfjord Hotell i Nordfjordeid måndag 14. februar kl. 1200 da informasjonskampanjen i Sogn og Fjordane vert avslutta.

Program for arrangementet ligg ved. Målet for kampanjen var å motivere fleire bedrifter i Sogn og Fjordane til å kartleggje kompetansen til sine tilsette. Du kan meir enn du trur og Du har meir enn du trur har vore bodskapen til einskildpersonar og bedrifter i fylket. Meir enn hundre bedrifter frå heile fylket har delteke på 15 informasjonsmøte i kampanjeperioden. 1275 bedrifter har motteke skriftleg informasjon om nytten av å kartleggje kompetanse. – Bedriftene har vore engasjerte og har stilt mange spørsmål, fortel seniorrådgjevar Camilla Alfsen i Vox. – Dei lokale kompetanseambassadørane som har vore med på møta og fortalt om si eiga erfaring, har vore avgjerande for engasjementet, seier Alfsen. Erfaringane frå Sogn og Fjordane skal brukast i liknande kampanjar i andre fylke. Oppland og Sør-Trøndelag er i gang med planlegging. Arbeidet i Sogn og Fjordane vert no vidareført av selskapet Ny Kunnskap, som fylkeskommunen og lokale næringsinteresser eig. Styreleiar Ove Bjørlo i Ny Kunnskap seier at alle bedriftene som har vore med på møta, vil verte kontakta og følgde opp. Kontaktpersonar: Camilla Alfsen, seniorrådgjevar Vox, telefon 23 38 13 63/93 61 53 48, e-post: camilla.alfsen@vox.no Ove Bjørlo, styreleiar Ny Kunnskap, telefon 57 88 52 08/41 53 08 10 e-post: ove.bjorlo@sf-kommune.no www.vox.no

Dokumenter og linker