Riksveg 36 Slåttekås – Årnes i Telemark: Utbygging for vel 380 millionar kroner startar hausten 2016
- Med utbetringar og utbygging for vel 380 millionar kroner blir det enda tryggare og meir effektiv transport på den 7,1 kilometer lange strekninga Slåttekås - Årnes, på riksveg 36 i Telemark. Strekninga har ujamn standard, er prega av forfall og har hatt ein del møte- og utforkøyringsulykker. Arbeidet med å utbetre strekninga kan ta til hausten 2016, med fullføring ved årsskiftet 2018-2019, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.Eit forslag om utbygging og finansiering av prosjektet, i kommunane Nome og Sauherad, blei lagt fram i statsråd i dag. Riksveg 36, mellom Eidanger og