• news.cision.com/
  • Førdefestivalen/
  • Fleire unge/
  • Opning Førdefestivalen: Konfransier og songar Sigrid Moldestad, Julie Fowlis (Skottland), The Mahotella Queens (Sør-Afrika) og Susana Baca (Peru). Foto: Oddleiv Apneseth

Om oss

Verda kjem til Førde! Førdefestivalen er ein smeltedigel for musikk og kultur frå heile verda. I 21 år har internasjonale folkemusikktradisjonar stått i sentrum for det største fleirkulturelle musikkarrangementet i landet. Målet er å tilby artistar publikum ikkje kan høyre på andre festivalar og legge tilhøve best mogeleg til rette for magiske møte mellom musikarar og publikum. Alt om festivalen: www.fordefestival.no - www.myspace.com/fordefestival FAKTA Førdefestivalen vart første gong arrangert i 1990. Sidan den gong har over 4000 artistar frå heile verda stått på scena i Førde. Festivalen er det største fleirkulturelle musikkarrangementet i landet. I løpet av fire dagar blir det arrangert meir enn 80 programpunkt: Konsertar, kurs, gatekonsertar, opptog. I eit variert program blir det fokusert på den autentiske, ekte folkemusikktradisjonen, slik vi finn den i alle kulturar verda over. Kvart år har eit tema; ”Musikk langs Silkevegen”, ”Den keltiske familie”, ”Afrikanske røter”, ”Saludos del Caribe!”, ”Emotions Francaises”, ”Dialog” , ”World Voices”. I 2010 er temaet ”FRIDOM og undertrykking” Norsk og nordisk tradisjonsmusikk står også sentralt i programmet.

Abonner

Relaterte slipp