Førdefestivalen selde 14000 billettar
(ingressen hadde falle ut i forrige utsending!!!) Med 14000 selde billettar på fire dagar, går den 22. Førdefestivalen over i historien som ein sukesss også økonomisk. – Heilt frå opningskonserten med over 1900 i salen, hadde vi den gode kjensla av at billettsalet var bra. Det vart rapportert om fulle hug og godt besøk på konsertane, og når tala no er klare, ser vi at billettsalet er på same nivå som i fjor, seier ei fornøgd Hilde Bjørkum. Ho meiner at 2011-utgåva av Førdefestivalen er den aller beste nokon gong, om vi ser på program, gjennomføring og publikumsoppslutning under eitt!