Førdefestivalen selde 14000 billettar
Snakkisen Liu Fang -Førdefestivalen har som mål å få folk til å oppsøkje konsertar med musikarar dei knapt veit kven er, og vi syns vi har lukkast, når den store snakkisen etter opningskonserten er den kinesiske pipa-dronninga Liu Fang, seier Bjørkum. Konserten hennar i Haarkousalen var sjølvsagt smekkfull, og det var heilt sikkert mange som gjerne skulle vore der, men ikkje kom inn. Liu Fang spelte tårene fram hos publikum, og etter konserten var ho storleg imponert over måten ho vart teken imot på i Førde. Sjølv om Liu Fang bur i Kanada, måtte ho til Førde for å bli oppdaga av den