Heilskapleg næringspolitikk
Næringsretta forsking, utvida garantirammer for eksportkredittar, tiltak for skogindustrien og romforsking er blant hovudprioriteringane i Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett for 2014.
I alt foreslår Regjeringa løyvingar på 69 567,2 millionar kroner over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett. Utanom lånetransaksjonar gjer regjeringa framlegg om løyvingar på 8 217,2 millionar kroner. Dette er ei auke på 254,3 millionar kroner, eller 3,2 prosent.
Dei viktigaste prioriteringane er:
Næringsretta forsking: Investeringar i forsking og utvikling er avgjerande for næringslivet si framtidige konkurranseevne. Regjeringa foreslår derfor å styrkje den næringsretta forskinga under Noregs forskingsråd med 38,1 millionar kroner til 1 452 millionar kroner. Les meir her (eiga pressemelding).
GIEK: For å styrkje eksportindustrien gjer regjeringa framlegg om å utvide garantiramma for eksportkredittar (GIEK) med 10 milliardar kroner. Utvidinga kan hjelpe norske selskap med å få nye eksportkontraktar. Les meir her (eiga pressemelding).
Skognæringa: Situasjonen for treforedlingsindustrien og skognæringa i Noreg har vore urovekkjande i fleire år. Regjeringa har tidlegare lansert tiltakspakkar for treforedlingsindustrien og skognæringa i revidert nasjonalbudsjett for 2012 og 2013. Nå foreslår regjeringa 50 millionar kroner meir til infrastruktur og forskings- og utviklingstiltak i skognæringa. Tiltaka skal finansierast over budsjetta til Nærings- og handelsdepartementet, Samferdselsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Les meir her (eiga pressemelding).
Romforsking: Satellittnavigasjonsprogramma i EU er eksempel på at romverksemd bidreg til verdiskaping på mange plan i det norske samfunnet. Regjeringa legg opp til ei aktiv norsk deltaking i satellittnavigasjonsprogramma Galileo og EGNOS, og foreslår å løyve 258,5 millionar kroner til slik deltaking i budsjettet for 2014. Les meir her (eiga pressemelding).
Nytt klyngeprogram: Sterkare næringsklynger og ein meir internasjonal profil er målet når Regjeringa foreslår å styrkja løyvinga til program for klyngeutvikling. For iverksetjing av det nye klyngeprogrammet gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga til Innovasjon Noreg med 10 millionar kroner. Kommunal- og regionaldepartementet har satt av 15,5 millionar kroner til å styrke lokale og regionale næringsmiljø. Pengane vil i hovudsak gå til klyngeprogrammet. Les meir her (eiga pressemelding).
Program for konkurransekraft: Regjeringa foreslår å setje av 35 millionar kroner til norsk deltaking i EU sitt program for konkurransekraft i næringslivet og for små og mellomstore verksemder (COSME) i 2014. Les meir her (eiga pressemelding).
Reiseliv: Regjeringa styrkjer satsinga på reiselivet, og foreslår å løyve nær 300 millionar kroner til reiselivsformål over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett. Les meir her (eiga pressemelding).
Ocean Space Center: Maritime og marine næringer som olje og gass, skipsfart, fiskeri og havbruk står for ein vesentleg del av norsk verdiskaping og norske eksportinntekter. Regjeringa foreslår avsatt 15 millionar kroner til vidare utgreiing av Ocean Space Centre. Målet er at senteret skal bli eit internasjonalt kunnskapsnav innan havromsteknologi. Les meir her (eiga pressemelding).
Nytt senter for design og arkitektur: Norsk design- og arkitektursenter er ei samanslåing av Norsk Designråd og Norsk Form. Regjeringa foreslår å setje av 75,2 millionar kroner til Norsk design- og arkitektursenter i budsjettet for 2014. Les meir her (eiga pressemelding).
Opprydding ved Søve gruver: Nærings- og handelsdepartementet har teke på seg å koste og gjennomføre opprydding etter verksemda til AS Norsk Bergverk ved Søve i Telemark. Regjeringa foreslår å løyve 20,5 millionar kroner til opprydding av forureina massar ved Søve i Nome kommune i 2014. Les meir her (eiga pressemelding).
Pressekontakt:
Pressevakta i Nærings- og handelsdepartementet, mobil 902 51 303 (ikkje SMS), E-post: media@nhd.dep.no
Abonner på pressemeldinger og presseinvitasjoner fra NHD her.
Tags: