Heilskapleg næringspolitikk
Næringsretta forsking, utvida garantirammer for eksportkredittar, tiltak for skogindustrien og romforsking er blant hovudprioriteringane i Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett for 2014.I alt foreslår Regjeringa løyvingar på 69 567,2 millionar kroner over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett. Utanom lånetransaksjonar gjer regjeringa framlegg om løyvingar på 8 217,2 millionar kroner. Dette er ei auke på 254,3 millionar kroner, eller 3,2 prosent. Dei viktigaste prioriteringane er: Næringsretta forsking: Investeringar i forsking og utvikling er avgjerande for