Mæland til Haugesundkonferansen
Næringsminister Monica Mæland, finansminister Siv Jensen og samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen deltek på Haugesundskonferansen 3. februar.
Næringsministeren deltek óg i ein paneldebatt om ny maritim strategi. I panelet sit óg samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen, leiar av næringskomitéen på Stortinget Geir Pollestad (Sp) og maritim talskvinne Else-May Botten (Ap).
Næringsminister Monica Mæland skal i tillegg vere til stades på lanseringa av framtidas kystfartøy, Short Sea Pioneer. Det skjer i regi av næringsklyngja Maritime Cleantech. Dei fekk status som Norwegian Centre of Expertise (NCE) i fjor sommar. NCE-programmet rettar seg mot dei mest dynamiske og vekstkraftige næringsklyngjene i Noreg.
Kva: Haugsundkonferansen 2015.
Kvar: Hotell Rica Maritim i Haugesund.
Når: Tysdag 3. februar, Mæland sitt innlegg er klokka 10.20.
Sjå fullstendig program for konferansen her.
Kva: Lansering av framtidas kystfarty
Kvar: Hotell Rica Maritim i Haugesund
Når: tysdag 3. februar, klokka 13.
Kontaktpersonar:
For Mæland: Kommunikasjonssjef Trond Viken, mobil 992 18 303, e-post tvi@nfd.dep.no.
For framtidas kystfartøy: Dagleg leiar i Maritime Cleantech Hege Økland, mobil 957 53 695.
Tags: