Regjeringa lovfestar tilskotsordninga for sjøfolk
Regjeringa foreslår å lovfeste tilskotsordninga for sjøfolk. Ordninga skal sikre norske arbeidsplassar og maritim kompetanse.-Tilskotsordninga er eit viktig verkemiddel for å bevare Noregs posisjon som ein leiande maritim nasjon. Lovfesting av tilskotsordninga vil gi auka stabilitet i rammevilkåra for næringa. Eg er derfor glad for at regjeringa følgjer opp lovnaden sin om å gjennomføre dette, seier næringsminister Monica Mæland. Lovforslaget er ei oppfølging av Sundvollen-erklæringa og regjeringa sin maritime strategi. - Ei god tilskotsordning er ein føresetnad for å sikre norsk