Rikke Lind til USA
Statssekretær Rikke Lind besøker Houston og Washington DC i USA 5.- 8. mars.
Lind skal møte Norsk næringsliv i Houston-området, som er senter for norsk næringslivsaktivitet i USA, særleg innan energi, skipsfart, teknologi og leverandørindustri. Den 6.mars skal Lind halde eit innlegg for norsk næringsliv om norsk ekspertise innan maritim offshore og shipping. I tillegg skal ho besøke USAs viktigaste havnemyndigheit, Houston Port Authority.
- Houston er eit av Noregs viktigaste næringslivsknutepunkt internasjonalt, med sine 7.000 nordmenn og 150 norske selskapar. Som verdsleiande på offshore og maritim teknologi er det viktig at ein er tungt tilstade i ein av verdas viktigaste havnebyar, seier Lind.
I Washington vil statssekretæren halde åpningsinnlegget ved Henry Bacon seminaret Maritime opportunities and challenges in the high north, der eksperter frå både norsk og amerikansk side vil gi inngåande presentasjonar om muligheitane og utfordringane i Arktis.
- Framtidige næringslivsmoglegheitar i nordområdane og norsk kompetanse på området er noe det er stor interesse for i USA. Det er derfor viktig at ein kan dele erfaring, men på same tid presentere og presisere utfordringane ein står ovanfor i det sårbare nord, seier Lind.
På kvinnedagen den 8. mars vil Lind vere ein av paneldeltakarane under ein debatt om likestilling i næringslivet.
- Likestillingsdebatten er framleis høgaktuell. Vi har kome langt, men kvinner tjener framleis mindre enn menn og vi må jobbe for fleire kvinnelege toppleiarar.
FAKTA:
- 63 000 skip anløpar USA kvart år, 3259 av desse er norske (5,2%)
- Port of Houston er ei av verdas største havnar med 6700 anløp i 2010, 511 av desse var norske (7,6%)
- Ca 200 norske selskapar er registrerde i USA, 150 av dem i Houston-området
Tags: