Rikke Lind gjestar Japan

Report this content

Statssekretær Rikke Lind møtte i dag viseminister Takashi Kitamura i Transportministeriet under si gjesting til Japan.

Lind vil ha fleire samtalar med japanske styresmakter under gjestinga si i Japan dei neste dagene. I samtalane vil det leggjast vekt på potensialet for auka samarbeid mellom Noreg og Japan, særleg innan fornybar, miljøteknologi og maritim sektor.

Statssekretæren deltek mellom anna på miljø- og teknologiseminaret Nordic Green, og skal også gjeste nokre av dei nordaustlege områda av Japan som blei hardast ramma av katastrofen i mars i år.

-Japan er ein krevjande marknad fordi det blir stilt svært høge krav til kvalitet og teknologi. Eg er veldig glad for at så mange norske bedrifter har lukkast i den japanske marknaden, og at fleire og spennande initiativ er under planlegging, seier Lind.

Lind skal også møte kvinnelege næringslivsrepresentantar, Statkraft og dei japanske samarbeidspartnarane deira på eit seminar om saltkraft. I tillegg skal ho være med på ein overrekkelsesseremoni i høve eit solcelleanlegg som Elkem har donert til ein skule i tsunamirammede Ishinomaki.

 

 

Tags: