Rikke Lind gjestar Japan
Statssekretær Rikke Lind møtte i dag viseminister Takashi Kitamura i Transportministeriet under si gjesting til Japan.Lind vil ha fleire samtalar med japanske styresmakter under gjestinga si i Japan dei neste dagene. I samtalane vil det leggjast vekt på potensialet for auka samarbeid mellom Noreg og Japan, særleg innan fornybar, miljøteknologi og maritim sektor. Statssekretæren deltek mellom anna på miljø- og teknologiseminaret Nordic Green, og skal også gjeste nokre av dei nordaustlege områda av Japan som blei hardast ramma av katastrofen i mars i år. -Japan er ein krevjande marknad