Val av tomt for nytt bygg for Brønnøysundregistra
Næringsminister Monica Mæland har avgjort kvar det nye bygget til Brønnøysundregistra skal byggast.Val av tomt for nytt bygg til Brønnøysundregistra har engasjert lokalsamfunnet i Brønnøysund. Næringsminister Monica Mæland har vurdert dette grundig, og fått innspel frå Brønnøy kommune samt leiing og tilsette ved Brønnøysundregistra. No er tomtevalet tatt, og det vil bringe byggesaka eit langt steg vidare. – Eg er glad for å fortelje at det nye bygget til Brønnøysundregistra skal byggast i Schrøderkvartalet. Dei tilsette ved registra har i lang tid hatt krevjande arbeidsforhold, og no