Presseinvitasjon: Ber maritim næring tenkje høgt i Ålesund
Næringsminister Monica Mæland ber om innspel til den nye maritime strategien regjeringa skal legge fram. Tysdag 25. november gjestar ho Ålesund.Arbeidet med regjeringa sin nye maritime strategi er i full gong. Næringsminister Monica Mæland har invitert næringa til å tenkje høgt om korleis vi saman kan styrkje maritim sektor. Regjeringa held fem høyringsmøter langs kysten. No er Ålesund neste by ut. Hovudtemaet er kompetanse og utdanning samt forsking, utvikling og innovasjon. Representantar frå fleire bedrifter deltek på møtet. Møtet er ope for pressa. Les òg: Ber den maritime