Avinor AS: Ingen realvekst i lufthamnavgiftene for 2011

Report this content

​- Det samla avgiftsnivået ved lufthamnene til Avinor aukar med 1,3 prosent i 2011. Reelt sett går avgiftene ned, fordi det er venta at det generelle prisnivået vil auka med 1,6 prosent, seier statssekretær Lars Erik Bartnes i samband med at Samferdselsdepartementet i dag har vedteke nye takstreglar for Avinor i 2011.

Avgiftsauken på 1,3 prosent tilsvarar 56 millionar kroner. - Desse midlane vil bidra til å gjera det mogleg for Avinor å gjennomføra naudsynte investeringar for å sikra framtidig drift på lufthamnene. Dette er spesielt viktig for folk og næringsliv i dei regionane som er heilt avhengige av flytransport. Samstundes inneber den reelle reduksjonen av avgiftsnivået at det er lagt vekt på omsynet til flyselskapa, seier Bartnes.

Undervegsavgifta blir redusert med 3 prosent, til 530 kroner, medan tryggleiksavgifta blir redusert med 3,3 prosent, til 58 kroner. Passasjeravgifta for reiser innanlands aukar med nær 13 prosent, til 44 kroner, medan passasjeravgifta for utanlandsreiser framleis vil vera 59 kroner. Samferdselsdepartementet har fått utført ei utgreiing som har gitt eit tryggare grunnlag for å behalda ei noko høgare passasjeravgift for utanlandsreiser.

- Startavgifta blir delt inn i ei terminalavgift for tårntenestene og ei startavgift for tenester på bakken. Denne delinga er naudsynt som følgje av nye EU-reglar og eg har vore oppteken av å gjera omlegginga så smertefri som mogleg. Alt i alt vil ikkje flyselskapa få auke i avgiftene. Endringa gjer likevel at kommersielle flygingar med tyngre fly til dei regionale lufthamnene får ein avgiftsauke på 10 prosent. Dette kjem som følgje av ei teknisk endring som Samferdselsdepartementet skal sjå nærare på neste år i samband med ei pågåande utgreiing av lufthamnavgiftene, seier statssekretær Bartnes.

Fleire av høyringsinstansane reagerte på det opphavlege høyringsforslaget frå Samferdselsdepartementet som ville innebera at avgiftene for dei tyngste flya ville gå opp. Dette har departementet søkt å retta opp ved å innføra 80 prosent rabatt på startavgifta for flyvekter over 150 tonn. For nokre av desse flya blir det difor ein liten nedgang i avgifta i staden.

Dei nye takstreglane trer i kraft 1. januar 2011.


For fleire opplysningar - sjå:


For meir informasjon – ta kontakt via:

  •  Pressevakta, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)

Tags: