Avinor AS: Ingen realvekst i lufthamnavgiftene for 2011
- Det samla avgiftsnivået ved lufthamnene til Avinor aukar med 1,3 prosent i 2011. Reelt sett går avgiftene ned, fordi det er venta at det generelle prisnivået vil auka med 1,6 prosent, seier statssekretær Lars Erik Bartnes i samband med at Samferdselsdepartementet i dag har vedteke nye takstreglar for Avinor i 2011.Avgiftsauken på 1,3 prosent tilsvarar 56 millionar kroner. - Desse midlane vil bidra til å gjera det mogleg for Avinor å gjennomføra naudsynte investeringar for å sikra framtidig drift på lufthamnene. Dette er spesielt viktig for folk og næringsliv i dei regionane som er heilt