Fireårig avtale med Buskerudbyen: Det skal lønna seg å styrkja kollektivtilbodet og redusera bilbruken

Report this content

- Regjeringa er oppteken av å auka tempoet i arbeidet med å leggja om transporten i meir miljøvennleg retning. Derfor bidrar vi meir økonomisk og gir sterkare oppmuntring til dei lokale politikarane som ønskjer å ta dei framsynte, men ofte krevjande vala på tvers av kommune- og partigrensene. Desse vala er likevel naudsynte å ta for gi oss trivelegare og grønare byar.

Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at Samferdselsdepartementet i dag har inngått avtale med Buskerudbyen om ei fireårig tildeling som kan innebera 280 millionar kroner for perioden frå 2010 til 2013. Buskerudbyen er namnet på det forpliktande areal- og transportpolitiske samarbeidet som kommunane Drammen, Øvre Eiker, Nedre Eiker, Lier og Kongsberg har fått i stand, saman med Buskerud fylkeskommune. - Buskerudbyen har lagt fram ein heilskapleg plan der ein både rustar opp kollektivtransporten og vil gjennomføra restriktive tiltak for å redusera bilbruken. Like viktig er at det er etablert eit forpliktande samarbeid som òg omfattar retningsliner for arealbruk, seier samferdselsministeren. Buskerudbyen skal arbeida vidare med fleire restriktive tiltak, mellom anna køprising eller andre verkemiddel som vil gi tilsvarande verknad. For Samferdselsdepartementet er det avgjerande at regionen har forplikta seg til å gjennomføra dei tiltaka som er naudsynte for å nå måla. Det ligg føre ein klar og oversiktleg plan for dette, både når det gjeld infrastruktur og for kollektivtransporttilbodet. I tillegg er det sett klare fristar for når dei ulike tiltaka skal gjennomførast. Å halda desse avtalte fristane er avgjerande for at Samferdselsdepartementet skal tildela Buskerudbyen dei årlege midlane. Dei fire komande tildelingane frå staten til Buskerudbyen kan fordela seg slik: 2010: 30 millionar kroner, 2011: 60 millionar kroner, 2012: 90 millionar kroner og 2013: 100 millionar kroner. ”Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byane” vart oppretta i 2004 for å premiera større byområde som gjennomfører tiltak som kan redusera veksten i bilbruk. Midlane skal nyttast til tiltak som styrkjer konkurranseevna til kollektivtransporten framfor personbil. Frå og med 2009 vart det opna for å inngå fireårige rammeavtalar. Inntil halvparten av midlane vart sette av til slike avtalar. I 2009 inngjekk staten fireårige rammeavtalar med Kristiansandsregionen og Trondheimsregionen. I 2010 ønskjer Samferdselsdepartementet å auka den delen av midlane frå belønningsordninga som vert sett av til fireårige rammeavtalar. For fleire opplysningar – sjå: • Avtale mellom Samferdselsdepartementet og Buskerud fylkeskommune og kommunane Drammen, Kongsberg, Lier, Nedre Eiker og Øvre Eiker om belønningstilskot til betre kollektivtransport og mindre bilbruk for perioden 2010 – 2013. • Temasida til Samferdselsdepartementet om belønningsordninga • Temasida til regjeringa om prosjektet ”Framtidens byer”: http://www.regjeringen.no/nb/sub/framtidensbyer.html?id=547992

Tags: